søndag 30. mars 2008

Guitar Hero

Ein meitai til Mattis og Simona, og vesle My Sara.
Stropper i mellomrifla cord. Den er vendbar - den eine sida med gitarsolo-menn og den andre med applikert mønster.

Photobucket

Photobucket

Ada får teste:
Photobucket

Og ho vil helst ha armane utanfor :)
Photobucket

Photobucket

fredag 28. mars 2008

Tidleg krøkast...

Ada får leike med den nye-gamle maskina mi (veit faktisk ikkje om den virkar ein gong!) Det er ei Janome JS1004. Superenkel, typisk barneskulemaskin :) Men vi får sjå om den er brukandes. Den kan jo alltids brukast som leikemaskin, tydelegvis!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Påske

Vi har hatt påskeferie i Horten med foreldra mine! Kjempekoseleg!!

Ada fekk ny fleecedress etter mønster frå "Barnetøy du selv kan sy", og ei kul hue i rosa polarfleece etter oppskrift frå Ulla. Har ingen gode bilete av heile dressen, men her er nokre fine turbilete:

Pappa ber Ada i Eye2Eye

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Monkey Pants

Rett før påske sydde eg bukse til Ada, inspirert av Japanese Monkey Pants

Sydd i rosa og grå polarfleece, med brunt smilefjes og brune saumar. Trur eg må modifisre mønsteret litt, den vart veldig lang i beina, og kunne vore litt høgare i livet. Men den er ganske så kul då!

Photobucket

Photobucket

fredag 7. mars 2008

Stoor veske

Eg skulle forstørre mønsteret på denne veska 129% - utan kopimaskin er det ganske vanskeleg, så eg blingsa LITT med storleiken. Endra litt på mønsteret undervegs også, så det vart ei gigantveske med plass til omtrent alt :) Originalmønsteret er frå Amy Karol si bok "bend-the-rules Sewing"

Photobucket

Lommer til nøklar og lypsyl, mobiltelefon og diverse
Photobucket

Stroppen er sydd inn i veska, i endane. Når det er noko tungt i veska vil det gjere at veska dreg seg litt saman. Genialt! (Trur eg, har ikkje prøvd å bere noko i den enno)

Lange nok stropper til at eg kan ha den tvers over brystet, eller den kan henge over skuldra. Deilig med breirifla cord som veskestropp!
Photobucket


Eg manglar framleis ei veske med lok eller ein form for lukkeåpning. Det kjem etterkvart. Skal sy nokre mapper eg kan ha bleier og slikt i også, så blir det enklare å finne fram *hihi*

Hals

Har sydd ein hals i fleece til Simona, inspirert av Pasilurken. My skal få ein dress som matchar, den er nesten ferdig, men tråden eg brukte på dressen ligg hos Ulla. Så eg skal gjere ferdig dressen neste veke.

Her er i alle fall halsen:
Photobucket

Broderte inn ein gamaldags "S"
Photobucket

mandag 3. mars 2008

Vårleg veske

Sydde ei deilig, stor og lys veske i går ettermiddag. Tjukt bomullstoff på utsida og tynn bomull inni. Hadde dobbelt linstoff (same som stroppene) i botnen, men veska er ikkje så veldig stabil. No har eg i alle fall ein mal å gå etter, den neste eg syr skal eg sy i tjukkare stoff, og med lokk. Greit å ikkje gjere det ALTFOR enkelt for lommetjuvane *fnis*

Photobucket


Photobucket


Det er to lommer inni, ei til mobilen og ei til diverse. Lomme til vannflaske og avis på utsida. Brukte den i butikken i dag, og fekk plass til to juicekartongar, fire eple, ein brokkoli, ein paprika, fruktpuré, potetsalat og brunost. Framleis var det plass igjen!

Fe-tai

Her er meitaien eg sydde til min gode fe (hemmelig ven)

Ein romantiskrosa toddler meitai

Frontpanelet er i kvit lin med broderte roser - vakkert stoff!
Photobucket

Stropper og baksidepanel i rosa bomull. Applikerte på nokre roser som var att frå Bella sin meitai.
Photobucket