torsdag 15. mai 2008

Lommebok

Eg har sydd lommebok til Elias. Vi får sjå om han vil bruke den. Kika litt på Etsy for inspirasjon, og etter litt fomling og teikning (og ei lommebok som vart så lita at det ikkje var plass til eit einaste kort!) vart den slik:

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Skeive saumar (skal eg aldri lære dette med kontrastfarga tråd?!) og ikkje heilt optimale løysingar. Men det går an å ha både sedlar og kort i (har sjekka!) og lomma på baksida kan brukast til visittkort. Det var eit kjekt lite prosjekt i alle fall, trur eg kjem til å sy fleire slike, men kanskje med ei litt enklare form.

Skjørt og topp!

Har sydd ein kjempedeilig tunikatopp og skjørt (men kjem ikkje til å bruke dei saman, det kan bli litt overkill!)
Ulla og An-Magritt hadde vore på stoffshopping på ein bruktbutikk, og fann dette stoffet som var i mine fargar, så det fekk eg! Herlig! Dei mørkegrøne kontrastane er frå ei bukse, så dette er skikkelig gjenbruk!

A-forma skjørt
Photobucket

Med lomme (må jo ha lomme til lypsylen *hihi*)
Photobucket

Og den finaste knappen! (Den er kanskje ikkje så praktisk sidan den ikkje er rund, men den er så fiin!)
Photobucket


Photobucket

Detaljbilete. Dei fine treknappane fann eg i knappeeska til Ulla :)
Photobucket

Dåpsgåve til Lilja

Vi var i barnedåp på Askøy i pinsa. Utrulig koseleg å treffe familien igjen! Det blir jo ikkje så ofte ein samlast alle saman, men denne gongen var vi alle, både store og små. Familien har jo blitt ganske stor etterkvart med fem barnebarn. Storebror Dag meinte at vi berre måtte produsere meir så vi kunne treffast oftare *hehe*

I mangel på innpakningspapir i heimen sydde eg ein liten pose til å ha dåpsgåva i:

Photobucket

Photobucket

Frihandsbrodering med maskin er ikkje heilt enkelt. Må øve meg meir, det er ganske stilig synes eg :)
Photobucket