mandag 21. september 2009

Fuglemammas omslagsbody

Jess, endeleg ferdig! (Eller, eg må sy i trykknappar inni, men det føler eg ikkje hastar så intenst) Den vart litt lengre framme enn bak, vi får sjå korleis det blir med bleie inni.

Synes fargen berre vart finare og finare etterkvart som eg strikka med den. Ganske dueblå, og kjem sikkert til å passe fint til vesle oktoberfrijol. Garnet er NZ Lammeuld frå 123Knit. Mønsteret er frå Myk Start.
Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody - close up


Og sidan eg er ferdig med eitt prosjekt måtte eg jo legge opp litt nytt. Starta på eit skjerf til meg sjølv, tenkte kanskje å strikke ei lue til, og matchande sett til Ada. Deilig deilig i mjuk Faerytale, på pinne 5,5. Luftig og godt!
Har vel strikka omlag ein meter no, brukte opp eitt nøste på det. Satsar på at eg har nok til ei vaksenlue, ei barnelue, eitt barneskjerf og resten av dette skjerfet. Har tre nøste att.
IMG_1046

IMG_1047


Også byrja eg på ein longies til oktoberfrijol. Synes den ser ganske stor ut til å vere 1-3 månader, og eg er eigentleg litt irritert på meg sjølv at eg ikkje valgte å strikke ei anna bukse. Har ikkje planlagt noko hentesett enno, så burde vel strengt tatt strikka det i staden for bleiebukse. Men det går raskt unna, reknar med eg får ferdig det eine beinet i kveld foran tven!
Elskar fargane i dette garnet! E-bayull, som eg ikkje hugsar kor eg kjøpte.
IMG_1045


Ingen kommentarer: