onsdag 30. september 2009

Samuraibukser

Jess, hentesett-buksa er ferdig. Veldig improvisert og vi kan jo late som at eg hadde planlagt å ikkje strikke heile buksa i rillestrikk *fnis* Uansett, godt nøgd med resultatet, den er herlig mjuk og veldig romsleg - ikkje noko stress å få plass til tøybleierumpe i denne buksa nei!

Samuraibukser

Hentesett bukse


Og eg har starta på Mykeste myke jakke frå Myk Start. Strikkar i Tynn Alpakka frå DSA, og nett ferdig med bakstykket. Går faktisk ganske raskt å strikke, til tross for at eg må sjå ned heile tida så eg ikkje hoppar over masker og slikt. Såg ei dame som strikka Selbuvottar på Norsk Attraksjon på NRK laurdag, og ho strikka berre heilt ekstremt raskt og utan å sjå ned - kjente at eg vil også bli sånn på mine eldre dagar (men vil kanskje heller strikke noko anna enn 35 Selbuvottar i månaden!)

Anyways, her er eit glimt av jakka:
Mykeste myke jakke rygg

Skal gå og legge opp framstykka no, må jo berre strikke i veg om eg skal bli ferdig før termin :)



torsdag 24. september 2009

Strikking i solveggen

Deilig septemberdag med strålande sol, og varme på balkongen! Har lagt opp hentesett-bukse etter inspirasjon frå Merete Blandar oppskrifta på "rillestrikka sparkebukse" frå Nøstebarn og "bukse uten seler" frå Myk Start, og strikkar i NZ Lammeuld. Snart ferdig med første bein (blir ferdig i løpet av kvelden i alle fall)

Her er strikketøyet, magen og meg på balkongen (ser ikkje så mykje av strikketøyet då...) 38 veker i morgon :)
37+6


37+6


Var på ultralyd i dag for å sjekke leie, og oktoberfrijol har heldigvis snudd seg med hovudet ned. Men hovudet er ikkje nede i bekkenet, så eg må på ein ekstra kontroll neste veke for å sjekke leie igjen. Håper han legg seg rette vegen og at hovudet festar seg - då ligg alt til rette for fødsel på ABC! Han vart estimert til ca 3,5kg no, så for min del kan han berre kome ut når som helst ;)


mandag 21. september 2009

Fuglemammas omslagsbody

Jess, endeleg ferdig! (Eller, eg må sy i trykknappar inni, men det føler eg ikkje hastar så intenst) Den vart litt lengre framme enn bak, vi får sjå korleis det blir med bleie inni.

Synes fargen berre vart finare og finare etterkvart som eg strikka med den. Ganske dueblå, og kjem sikkert til å passe fint til vesle oktoberfrijol. Garnet er NZ Lammeuld frå 123Knit. Mønsteret er frå Myk Start.
Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody - close up


Og sidan eg er ferdig med eitt prosjekt måtte eg jo legge opp litt nytt. Starta på eit skjerf til meg sjølv, tenkte kanskje å strikke ei lue til, og matchande sett til Ada. Deilig deilig i mjuk Faerytale, på pinne 5,5. Luftig og godt!
Har vel strikka omlag ein meter no, brukte opp eitt nøste på det. Satsar på at eg har nok til ei vaksenlue, ei barnelue, eitt barneskjerf og resten av dette skjerfet. Har tre nøste att.
IMG_1046

IMG_1047


Også byrja eg på ein longies til oktoberfrijol. Synes den ser ganske stor ut til å vere 1-3 månader, og eg er eigentleg litt irritert på meg sjølv at eg ikkje valgte å strikke ei anna bukse. Har ikkje planlagt noko hentesett enno, så burde vel strengt tatt strikka det i staden for bleiebukse. Men det går raskt unna, reknar med eg får ferdig det eine beinet i kveld foran tven!
Elskar fargane i dette garnet! E-bayull, som eg ikkje hugsar kor eg kjøpte.
IMG_1045


søndag 13. september 2009

Ullkjolar

I går ettermiddag sydde eg to kjolar, deilig å føle seg litt kreativ igjen! No har eg brukt opp alt det lilla ullstoffet, og eg kjenner at Ada eigentleg burde hatt ein slik lilla kjole ho óg. Jaja...

Først ut er ein lilla elefantkjole med mamma- og babyelefant:
IMG_0989

IMG_0990


Så ein lekker gingko-inspirert kjole:
IMG_0985

IMG_0986

Gingko-kjolen er no til sals hos Snellene!


mandag 7. september 2009

Babyteppe

Har sydd ei lita barselgåve i dag, eit blått fleeceteppe med brune detaljer. Veldig greit å sy, skal lage nokre fleire slike framover!

IMG_0954

IMG_0955


Hadde ikkje innpakningspapir, så då var det berre å sette seg ned og sy ein kjapp pose ;)
IMG_0956



søndag 6. september 2009

Snellene på topp ti!

Hurra, Snellene er på tredjeplass over funky nettbutikkar for barnetøy! Sjekk her

*stolt Tonje*


I dag har vi vore på katolsk messe, Ada oppførte seg skikkelig bra. Sist vi var der satt eg ute og amma stort sett heile gudstenesta, men i dag las ho bok og åt tørka mango og undra seg over glasmåleria. Åt lunch etterpå, meksikanske damer som hadde laga chili con carne og fantastisk guacamole. Nam! Rusla bort på Grünerløkka etterpå, ein liten tur innom marknaden på Blå og fekk litt inspirasjon. Ada gjekk nesten heile vegen, eg er så imponert! Elias måtte bere ho litt på slutten då, hadde heldigvis rulla saman ein rebozo i veska ;)
IMG_3947



fredag 4. september 2009

Fotografering i barnehagen

I dag var det fotografering i barnehagen, og eg hadde lyst til å sy ei bukse til Ada. Var hos Ulla i går, og improviserte denne selebuksa. Trudde den skulle vere gigantisk, men då vi prøvde den på var den berre heilt passeleg - så då må eg kanskje sy ei til som er litt større (og som sit litt betre over skuldrane)

IMG_0895

IMG_0896


Eg sydde også ei lommeslynge til veslebabyen, her med improvisert "baby" ;) Litt vanskeleg å ta eit bra bilete av seg sjølv OG slynga i spegelen, men men. Sydd i grå stretchfrotté - den er supermjuk og deilig! Og det gjekk så raskt å sy, trur kanskje eg skal sy ei til i fleece til vinteren, og kanskje ei til Elias óg.

Pouch sling