torsdag 12. november 2009

Hekla blomar

Eg var hos An-Magritt i dag, og ho lærte meg å hekle blomar! Eg har ønska lære meg hekling så lenge no, og føler at eg er litt i gang sidan eg har lært meg å lage blomar. Dette blir pynten på til-frå-lappane til jul! Forøvrig kjenner eg at eg treng å bu i eit hus med vedomn eller peis, storkosa meg i godstolen foran flammane.






Også har eg strikka ein hals til Ada i eit fantasisk deilig garn, 50% silke og 50% merino. Skulle berre ønske eg hugsa kor eg hadde kjøpt det, for dette var rein strikkeglede! For eit deilig garn, og vakkert skin i det ferdige plagget. Har lyst til å strikke masse masse deilig til heile familien i dette vakre garnet!
Oppskrifta er frå Nøstebarn, men sidan eg strikka med tjukkare garn gjekk eg opp ein pinnestorleik og litt ned i masketal.

Ikkje så enkelt å ta bilete av ein toåring som berre vil springe rundt for å sleppe å kle på seg for å gå i barnehagen ;)
IMG_1546


søndag 8. november 2009

Farsdagsmuffins og sokkar

I dag baka Ada og eg muffins til Elias, han ønska seg sitronmuffins - så vi gjekk til oppgåva med liv og lyst! Men skuffande nok slo ikkje sitronsmaken gjennom, til tross for at vi brukte juicen av ein heil sitron. Redninga vart å lage glasur med masse sitron - for å balansere den ganske søte vaniljemuffinsen. Har fått heilt muffinsdilla om dagen, sit og siklar på marthasteward.com om dagen, men likar ikkje at dei brukar så mange ingredienser ein ikkje får tak i i Noreg, og sticks/cups i staden for metriske mål. Så eg har bestilt ei muffinsbok frå Amazon som forhåpentlegvis er i posten snart.

Her er den glade medhjelpar (legg merke til det überkule Marimekkoforkleet etter farmor!). Note to self: Ikkje bruk Nøstebarngenser neste gong Ada skal bake (evt sy eit forkle som passar litt betre), det blir himla masse kliss når ho skal slikke bollen etterpå!
IMG_1515

IMG_1518

Og resultatet:
IMG_1521

Oppskrifta på fantastisk gode muffins kjem her:
1 egg
3/4 dl matolje
2,5 dl mjølk
4,8 dl mjøl
1,5 dl sukker
3 ts bakepulver
ei klype salt

Bland det tørre i ein bolle, rør saman det våte og bland dei to forsiktig. Deigen skal berre rørast lett saman, inga pisking eller intens røring - då blir muffinsane seige. Tilsett smak etter ønske (banan, blåbær, vanilje, sjokolade, nøtter...)
Hell i muffinsformer og steik i 15-20 min på 200 grader. Og hey presto! Gooode muffins!


Også har eg jo ikkje lagt ut bilete av mitt første sokkepar! Dei er strikka i Mor Aase babyull (tenkte det var greit å teste oppskrifta med billiggarn først, fungerte finfint!) Oppskrifta er frå Myk Start, og veldig grei å strikke. Litt trøblete å plukke opp masker når ein strikkar sjølve foten, men elles gjekk det raskt!
IMG_1480