fredag 16. januar 2009

Formsydd sele

Dette er den tredje eg har sydd, og den første eg er nøgd nok med til å legge ut bilete av :) Sydd i føyeleg grå bomull. Nokre små tweaks skal gjerast til neste sele. Jobbar med å finne eit bra design, forhåpentlegvis blir dette eit Snelle-produkt om ikkje så lenge.

Formsydd_mage

Formsydd_rygg1

Det er så koseleg med bering for tida. Ada set verkeleg pris på det. Då selen var ferdig sydd kom ho bort og peika på magen min og sa "sitteee"
Formsydd_kos

Ribbestrikka ullbukse

Denne buksa fekk Edvard i veldig forseinka julegåve, strikka i babyull etter oppskrift frå Garnstudio

Ada er modell:
Ullbukse

Strikka bukse

søndag 11. januar 2009

Ullbukse

Har strikka ein del ullbukser i det siste, her er restegarnsbuksa eg strikka i jula:

Soaker

Sånn ca storleik for denne oppskrifta: str Large (10-15kg) Eg har brukt Østlandsgarn og Viking (midjestykket og beina er strikka med Viking) Eg hadde fem ulike fargar på stripene + brunt til midjestykket og beina.

Legg opp 80 masker på 40cm rundpinne 5, bruk det garnet du har mest av om du vil ha matchande ribbestrikk i livet og rundt låra. Strikk 3 omg 2 rett 2 vrang. Fell av holrad slik 2r, 1 kast, 2vr saman ein omgang. Strikk så vidare vrangbord 2r 2vr 6-8 omg (alt etter kor høgt du vil ha midjestykket)

(Eg skifta til pinne 5.5 når eg strikka sjølve buksa)
Så skiftar du til ein annan farge og strikker buksa høgare bak slik:
Du startar i sida på buksa, strikk 40m rett, snu og strikk 40m tilbake, snu igjen og strikk 5 omg rundt. Skift farge og strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake. Strikk 5 omg. Skift farge igjen, strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake og strikk 5 omg. Når du skiftar farge att strikker du ikkje buksa høgare bak lengre, berre 5 omg rundt. Etter totalt åtte fargeskift (40 omg) set du 12 m på ein maskesamlar/tråd og feller du av 20m midt framme. Set dei neste 12m på ein maskesamlar/tråd. Då har du 36m att på pinnen, strikk fram og tilbake (hugs at annankvar pinne må strikkast vrang for å få buksa til å bli glattstrikk). Fell slik: Dei to første m på pinnen strikkast saman på kvar pinne, når du har 20m att på pinnen fell du av og syr saman i skrittet.

Bein: Ta opp 24 masker på strømpepinnar str 5 langs kanten slik at du har 36m, strikk vrangbord 2r 2vr 3-4 cm. Fell av. Gjer det same på det andre beinet.

Flett/tvinn snor til holrada.