søndag 30. august 2009

Fuglemammas omslagsbody

Den er på pinnane no, er snart halvvegs med høgre framside - så det går unna. Slit litt med beslutningsvegring for kva eg skal gje meg i kast med elles: Ada treng ribbebukser og julekjole, oktoberfrijol skal også få nokre bukser (ei ribbebukse og ei sparkebukse trur eg) også må eg strikke vottar, sokkar og luer til heile familien.

Spent på barnehagestarten i morgon, no hadde ho jo fri på fredag grunna planleggingsdag. Men ho har snakka litt om barna og dei tilsette, og har ikkje sagt "nei barnehagen" ein einaste gong i dag. Håper så intenst at det blir betre snart, er sliten i mammahjartet av sår gråt og tenners gnissel (både hennar og mine)


torsdag 27. august 2009

Veksejakke, babylue og bleiebukse

Jess, endeleg kan eg legge ut bilete av litt ferdig strikk! Veksejakka er ferdig (skal hekle kant rundt når eg får brun merinoull) og eg strikka ei babylue (lettstrikket babylue frå Nøstebarn, med knapp i staden for lange snorer) som matchar. Har framleis litt grønt garn att av hespet, så eg skal strikke ei babylue til i 1-3 mnd. Denne det er bilete av er i str nyfødt. Fantastisk at ein får så masse ut av 100g ull!

Babylue

Veksejakke


Bleiebuksa er etter mønster frå Fern&Faerie (oppskrift finn du på tøybleieforumet på Tettinntil) og mitt første og utrulig mislukka forsøk på maskesting *grøss* Men men, den er i alle fall bittelita og utrulig søt! Strikka i Østlandsgarn.
Wool soaker


Også eit lite bilete av Ada sin barnehagebento. Barnehagetilvenninga går heilt elendig, ho berre gret og seier "ikke barnehagen", så det er vondt i mammahjartet. Men matboksen elskar ho, så vi speler mykje på det ved levering!
27 Aug

27 Aug
Øverste etasje: Cherry tomatar, halv banan, fiskebolle-kaniner, kokt egg og gulrotbitar
Nederste etasje: Svisker, valnøtter, riskjeks og litt meir cherry tomatar


fredag 21. august 2009

Nye sko og litt lunchbilete

Eg var innom Design Forum i dag, og fann meg deilige El Natura Lista sko i dag. Har vore på jakt etter eit par enkle, svarte sko - desse er mørkegrå, nært nok ;) Og dei var på sal!

El Natura Lista

Då Ada våkna i dag var det første ho sa "ikke barnehagen Ada" og ho gråt allereie før vi hadde kome inn i barnehagen då eg skulle levere. Det skar sånn i mammahjartet, ho vil ikkje vere der åleine. Var saman med ho i nesten 40 minutt før eg gjekk - og ho hylte som vanleg. Sa frå at dei fekk ringe Elias om det vart for ille, så kunne han hente ekstra tidleg. Men ho hadde slutta og gråte før eg hadde fått på meg skoa (hurra for barnehagetanter som set på musikk og dansar rundt med barna!). Då mamma henta ho (eg hadde lang dag på Blindern, og ville ikkje at Ada skulle vere så lenge i barnehagen sidan ho ikkje ville dit i dag) ville ho ikkje heim, ho gjekk hand i hand med Sunniva og storkosa seg! Herleg! Nesten dumt at det er to dagar barnehagefri no, men eg håper det snur og at ho byrjar trivast betre i barnehagen etterkvart.

Det vart berre bitteliten snackbento i dag, sidan ho uansett ikkje skulle vere der til brødmåltidet. Tok med boksen mest som avleiingsmanøver. Gulrot- og agurkstavar, Babybel og øko-fiken:
Snackbento

Sidan kjøkkenet var stort sett tomt vart det superenkel lunch på meg óg, speltfras, cornflakes og havregryn med frosne blåbær (kjøpte mjølk på Blindern) Det var utrulig godt, så det blir nok fleire slike på dagar med dårleg tid. Uansett billigare enn å kjøpe ein halvgod sandwich i HF-kantina ;) Boksen er frå Ikea, genialt med skrulokk, og den rommar heilt perfekt ein god porsjon müsli.
Tonjelunch

Også må eg berre legge inn eit lite skrytebilete av barnehagejenta vår. Tok bilete som vi skal henge på plassen hennar og på ballongklovnen, gjekk berre innom Japan Photo og framkalla dei på veg til Blindern.
Barnehagejenta vår


torsdag 20. august 2009

Barnehagetøy

Ada brukar litt bleier i barnehagen, og vi har få bukser som passar med bleier i no, sidan ho slutta i sommar. Så då må ho mor fram med symaskina. Sydde tre apebukser (men utan applikasjon på rumpa, gjorde det enkelt!) i ulike storleikar - her er det i alle fall kjempegod plass til bleier ;) Alt sydd i polarfleece.

Bukser

Close up bukser

Sydde ei matchande jakke óg, greit å ha noko som ikkje er så tjukt på småkalde haustdagar. Håper veret er slik at ho kan gå med ny bukse og jakke i barnehagen i morgon då! Litt dårlege bilete, jakka burde hengt på ein barnekleshengar - her ser den frykteleg åttitals ut, med gigaskuldre *fnis*

Jakke

Jakke, bak

Tag

onsdag 19. august 2009

Bento og strikkeshopping

Yes, vesle A hadde med matpakke i dag (veldig liten matpakke sidan ho har litt dårleg matlyst, og eg ikkje var sikker på om ho kom til å vere der lenge nok til brødmåltidet kl 14:30), min første (og veldig superenkle) bento:

Super quick bento
Grisesandwich med ost&skinke (trykka ut med pepperkakeform), tørka øko-aprikos i muffinsforma, to cherrytomatar, ein Babybel og ein nektarin. Veldig enkelt i dag, men visste ikkje om det var kjøleskåpsoppbevaring av matpakken - så eg ville ikkje sende med så fancy mat. Det er heldigvis kjøleskåpsoppbevaring, så neste gong ho skal ha med lunch skal vi svinge igong med eggeformene :)


Var på sytreff hos Katrine i dag, eg sydde ingenting (har nada med syinspirasjon om dagen), men eg fekk strikka litt meir på veksejakka. Berre litt av det siste ermet att no. Gjekk innom Du Store Alpakka saman med Kristin på veg heim. Eg skulle eigentleg berre ha strikkepinnar, manglar strikkepinnar i 2,5 og det er jo ein ganske viktig storleik når det gjeld babytøy *hehe*, så no har eg kjøpt mine første fancy trepinnar (brukar bambus frå før altså)

"He du nåke smågodt i påsen din?!"
IMG_3876


Nye pinnar
IMG_3877


Og litt tynn alpakka, lekker petrol og brun (var jo på sal...)
IMG_3878

tirsdag 18. august 2009

Heimekomponert leikekjøkken

I dag måla eg første strøket på det som skal bli leikekjøkken til Ada. Vi har to herlige trekasser frå Trondhjems bryggeri som skal få nytt liv som leikekjøkken (dvs, vi skal berre skru dei saman, er jo ikkje sikkert vi vil la dei vere leikekjøkken for alltid). Finerplate oppå som eg skal måle "kokeplater" på (det er denne som har fått litt kvitmåling no i ettermiddag) og kanskje ei lita gardin som skapdør for grytene, koppar og fat. Trur det skal bli bra!

Elles måtte eg rekke opp litt på monsterbuksa *ugh* Men no er det berre litt rosa ribbkant nedst på det eine beinet som står att, så eg blir ferdig med den i kveld. Må kjøpe litt kvitt garn til å brodere tenner og auge, så skal buksa pakkast vekk - kaaanskje den passar neste vinter *hehe*

Første skuledag i dag, engelskfaget verkar intressant - Johan Elsness er jo ein flink forelesar, så eg håper det går i orden med fødsel og innlevering av oppgåve og slikt. Fredagar har eg lang forelesning, tre timar i strekk - men det skal vel gå bra. Ada får to lange dagar i barnehagen i veka, men dei andre dagane kan eg hente ho tidlegare. Barnehagetilvenninga går greit, ho var på tur til Sognsvann i dag og det hadde vore veldig stas. Elias har levert ho dei siste dagane, gruar meg til det er min tur i morgon.

søndag 16. august 2009

Blåbærmuffins

Jepp, litt av bæra har fått nytt liv som muffins. Deilige, grove blåbærmuffins som vi nesten kan late som er sunne sidan dei har så masse grovt mjøl og berre halv sukkermengd. Silikonformer er heilt genialt, må kjøpe ein pakke til - sidan 12 former er litt i minste laget (burde hatt dobbelt så mange, men greit å bli kvitt papirformene uansett)



Grove blåbærmuffins

2,5dl skumma mjølk
1/2dl matolje
1 egg

1dl kveitemjøl
1,5dl grovt mjøl (vi brukte sammalt kveite, einaste vi hadde i hus)
1dl havregryn
1dl sukker
2ts bakepulver

Rør saman det våte og det tørre kvar for seg, bland så og rør lett (veldig viktig å berre røre bittelitt, viss ikkje blir ikkje muffinsane luftige) Ha i ein god slump blåbær (Ada helte oppi sikkert 250 gram, det var litt i overkant *hehe*)
Steikast på 210 grader, midt i omnen, i ca 18 min


Signatur

Har blitt så inspirert av å lese andre sine bloggar med så fin signatur, så no testar eg min eigen :)

lørdag 15. august 2009

Blåbærtur

Lenge sidan sist bloggings ser eg *flau*, men no har eg i alle fall litt å blogge om! I går føremiddag var vi på blåbærtur på Romsås, og plukka 700g bær for hand (skal be mamma og pappa ta med ein bærplukkar når dei kjem i morgon!)

Ada plukka mest av Elias sitt beger - raskare enn å plukke sjølv *hehe*






Lilla fingrar



Elles er magen stor og eg strikkar ivrig, skal sjå om det ikkje blir litt bilete av strikketøyet etterkvart :)