mandag 3. mars 2008

Vårleg veske

Sydde ei deilig, stor og lys veske i går ettermiddag. Tjukt bomullstoff på utsida og tynn bomull inni. Hadde dobbelt linstoff (same som stroppene) i botnen, men veska er ikkje så veldig stabil. No har eg i alle fall ein mal å gå etter, den neste eg syr skal eg sy i tjukkare stoff, og med lokk. Greit å ikkje gjere det ALTFOR enkelt for lommetjuvane *fnis*

Photobucket


Photobucket


Det er to lommer inni, ei til mobilen og ei til diverse. Lomme til vannflaske og avis på utsida. Brukte den i butikken i dag, og fekk plass til to juicekartongar, fire eple, ein brokkoli, ein paprika, fruktpuré, potetsalat og brunost. Framleis var det plass igjen!

Ingen kommentarer: