Eksamensstresset har lagt litt dempar på skapartrongen i det siste, men eg har sydd ein toddler meitai til Veronica og Camilo som dei skal ha med til Argentina på ferie.
Brune linstropper, beige og brunt panel på eine sida og petrolblått og kvitt panel på andre sida. Sovehetta kan brukast på begge sider (samme stoff som stroppene)
Trademark applikasjon på ein av skulderstroppene ;)
I familien vår er det ein norsk mamma, ein meksikansk pappa, ei storesøster og ein veslebror.
Eg er Tonje, kreativ og livsglad og intresserer meg for så mangt. Interiør, matlaging, kakedekorering, foto, handarbeid - det er alltid noko å henge fingrane i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar