onsdag 17. september 2008

Klippe klippe

I dag har vore den o store klippedagen! Var på besøk hos Ulla, og meldte meg som klippeansvarleg.

Har klippa ut tolv selebukser (fem til meg, tre til An-Magritt og fire til Ulla), ein dress, to huer og ei jakke.

Her er det eg skal sy av framover ;)
Photobucket
Raud+raud selebukse, grå+grå/grøn selebukse, brun+raud selebukse, brun hue, lime jakke og hue og til slutt lime+grøn selebukse. Såå deilig å berre ha ferdig oppklippa stoff!

Ada helte ein tutekopp med druejuice over seg sjølv, og Ulla smekka saman ei av buksene eg hadde klippa ut, så Ada hadde noko og ha på seg på heimturen. Nydeleg deilig bukse i vintage flanell! Kanta med oransje satengband, pynta med oransje fløyeslband (til og med lagt inn litt feminine legg!!) og kule oransje knappar. Den er fantastisk!!
Photobucket

Photobucket

Ingen kommentarer: