fredag 21. august 2009

Nye sko og litt lunchbilete

Eg var innom Design Forum i dag, og fann meg deilige El Natura Lista sko i dag. Har vore på jakt etter eit par enkle, svarte sko - desse er mørkegrå, nært nok ;) Og dei var på sal!

El Natura Lista

Då Ada våkna i dag var det første ho sa "ikke barnehagen Ada" og ho gråt allereie før vi hadde kome inn i barnehagen då eg skulle levere. Det skar sånn i mammahjartet, ho vil ikkje vere der åleine. Var saman med ho i nesten 40 minutt før eg gjekk - og ho hylte som vanleg. Sa frå at dei fekk ringe Elias om det vart for ille, så kunne han hente ekstra tidleg. Men ho hadde slutta og gråte før eg hadde fått på meg skoa (hurra for barnehagetanter som set på musikk og dansar rundt med barna!). Då mamma henta ho (eg hadde lang dag på Blindern, og ville ikkje at Ada skulle vere så lenge i barnehagen sidan ho ikkje ville dit i dag) ville ho ikkje heim, ho gjekk hand i hand med Sunniva og storkosa seg! Herleg! Nesten dumt at det er to dagar barnehagefri no, men eg håper det snur og at ho byrjar trivast betre i barnehagen etterkvart.

Det vart berre bitteliten snackbento i dag, sidan ho uansett ikkje skulle vere der til brødmåltidet. Tok med boksen mest som avleiingsmanøver. Gulrot- og agurkstavar, Babybel og øko-fiken:
Snackbento

Sidan kjøkkenet var stort sett tomt vart det superenkel lunch på meg óg, speltfras, cornflakes og havregryn med frosne blåbær (kjøpte mjølk på Blindern) Det var utrulig godt, så det blir nok fleire slike på dagar med dårleg tid. Uansett billigare enn å kjøpe ein halvgod sandwich i HF-kantina ;) Boksen er frå Ikea, genialt med skrulokk, og den rommar heilt perfekt ein god porsjon müsli.
Tonjelunch

Også må eg berre legge inn eit lite skrytebilete av barnehagejenta vår. Tok bilete som vi skal henge på plassen hennar og på ballongklovnen, gjekk berre innom Japan Photo og framkalla dei på veg til Blindern.
Barnehagejenta vår


1 kommentar:

Shoosa sa...

Nå ble jeg nesten litt forelsket... Så nydelig hun er!

Håper det snur for dere snart. Vet det ligger noen gode tråder om barnehagestart på ringblomst for tiden, kanskje det er godt for deg å lese litt der?