fredag 4. september 2009

Fotografering i barnehagen

I dag var det fotografering i barnehagen, og eg hadde lyst til å sy ei bukse til Ada. Var hos Ulla i går, og improviserte denne selebuksa. Trudde den skulle vere gigantisk, men då vi prøvde den på var den berre heilt passeleg - så då må eg kanskje sy ei til som er litt større (og som sit litt betre over skuldrane)

IMG_0895

IMG_0896


Eg sydde også ei lommeslynge til veslebabyen, her med improvisert "baby" ;) Litt vanskeleg å ta eit bra bilete av seg sjølv OG slynga i spegelen, men men. Sydd i grå stretchfrotté - den er supermjuk og deilig! Og det gjekk så raskt å sy, trur kanskje eg skal sy ei til i fleece til vinteren, og kanskje ei til Elias óg.

Pouch sling