søndag 15. mars 2009

Ullkjolevest

Juhu, eg har endeleg strikka litt igjen. Vart så inspirert då eg såg nokre eksemplar av denne vesten på Tettinntil at eg måtte strikke ein til Ada. Første forsøk på mønsterstrikk og det gjekk høveleg bra. Gjorde nokre bommertar med masketalet, men det løyste seg heldigvis ganske greit likevel.

Kjolevest


Mønsterstrikket nederst:
Mønsterstrikk


Elias sa til Ada: "ve a verte en el espejo" (gå og sjå deg i spegelen) og Adagullet sprang ut i gangen og sa "såå fin" - slikt varmar eit mammahjarte!
Kjolevest i spegelen

Oppskrifta finn du her


Elles gjekk eg ein tur i vårsola saman med Kristin og vesle Leon i dag. Vi skulle på Kampen bondegård, men det var stengt i dag, så det vart ein rusletur på Kampen og ein liten tur på kafé, også fekk ungane leike saman hos Kristin etterpå. Ein kjekk dag med god kaffi og deilig gulrotkake. Skummelt å merke at ein er i så dårleg form når ein traskar oppover dei bratte bakkane til Kampen med Ada på ryggen. Glad eg ikkje hadde vogn.

onsdag 11. mars 2009

Konkurranse

Ah, eg er så glad i te for tida, det går eit par koppar om dagen. Og eg snubla over denne te-konkurransen i ein blogg
Du kan vinne deilig te, sukker og ein lekker kopp - det er berre å kommentere innlegget i bloggen hennar! Sjå her

Likar du shabby chic trur eg nok du kan finne masse snasent hos Belin

Elles er det rolige dagar her, har hatt litt lite intiativ til sying i det siste, og symaskina har forsvunne litt under haugen av diverse handarbeid og stoff. Skal sjå om ikkje vårsola kan tine fram litt inspirasjon snart :)

mandag 9. februar 2009

Nye longies og bloggrydding

Strikka eit par longies i rosa og lilla garn til Johanna sin toårsdag! Held på med eit par like til Ada, men i brunt og natur.

Longies1

Med blitz, her ser du fargane litt betre
Longies2

Har endra litt på etikettane her inne, så vart det litt mindre rotete (eller eventuelt meir oversiktleg). Ganske morosamt å gå tilbake og sjå på gamle innlegg, ser jo at sykunnskapane og evnene har utvikla seg mykje sidan starten :) Kjekt!

Det ligg forøvrig nye Tonje-sydde ullkjolar hos Snellene

fredag 16. januar 2009

Formsydd sele

Dette er den tredje eg har sydd, og den første eg er nøgd nok med til å legge ut bilete av :) Sydd i føyeleg grå bomull. Nokre små tweaks skal gjerast til neste sele. Jobbar med å finne eit bra design, forhåpentlegvis blir dette eit Snelle-produkt om ikkje så lenge.

Formsydd_mage

Formsydd_rygg1

Det er så koseleg med bering for tida. Ada set verkeleg pris på det. Då selen var ferdig sydd kom ho bort og peika på magen min og sa "sitteee"
Formsydd_kos

Ribbestrikka ullbukse

Denne buksa fekk Edvard i veldig forseinka julegåve, strikka i babyull etter oppskrift frå Garnstudio

Ada er modell:
Ullbukse

Strikka bukse

søndag 11. januar 2009

Ullbukse

Har strikka ein del ullbukser i det siste, her er restegarnsbuksa eg strikka i jula:

Soaker

Sånn ca storleik for denne oppskrifta: str Large (10-15kg) Eg har brukt Østlandsgarn og Viking (midjestykket og beina er strikka med Viking) Eg hadde fem ulike fargar på stripene + brunt til midjestykket og beina.

Legg opp 80 masker på 40cm rundpinne 5, bruk det garnet du har mest av om du vil ha matchande ribbestrikk i livet og rundt låra. Strikk 3 omg 2 rett 2 vrang. Fell av holrad slik 2r, 1 kast, 2vr saman ein omgang. Strikk så vidare vrangbord 2r 2vr 6-8 omg (alt etter kor høgt du vil ha midjestykket)

(Eg skifta til pinne 5.5 når eg strikka sjølve buksa)
Så skiftar du til ein annan farge og strikker buksa høgare bak slik:
Du startar i sida på buksa, strikk 40m rett, snu og strikk 40m tilbake, snu igjen og strikk 5 omg rundt. Skift farge og strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake. Strikk 5 omg. Skift farge igjen, strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake og strikk 5 omg. Når du skiftar farge att strikker du ikkje buksa høgare bak lengre, berre 5 omg rundt. Etter totalt åtte fargeskift (40 omg) set du 12 m på ein maskesamlar/tråd og feller du av 20m midt framme. Set dei neste 12m på ein maskesamlar/tråd. Då har du 36m att på pinnen, strikk fram og tilbake (hugs at annankvar pinne må strikkast vrang for å få buksa til å bli glattstrikk). Fell slik: Dei to første m på pinnen strikkast saman på kvar pinne, når du har 20m att på pinnen fell du av og syr saman i skrittet.

Bein: Ta opp 24 masker på strømpepinnar str 5 langs kanten slik at du har 36m, strikk vrangbord 2r 2vr 3-4 cm. Fell av. Gjer det same på det andre beinet.

Flett/tvinn snor til holrada.

lørdag 29. november 2008

Strikka trøye

Har endeleg fått gjort ferdig ei ny ulltrøye til Ada, veldig improvisert "knit as you go" *hehe* Den er litt stor, men den kjem jo til å passe lenge, så det gjer ingenting!! Neste gong trur eg at eg skal strikke etter oppskrift dog.

vest2

vest1

torsdag 27. november 2008

Smykkelaging

Eg var hos Ulla i går, og produserte smykker. Ulla er utrulig kreativ, ikkje berre lagar ho fantastiske meitaiar, men ho kan lage alt mogleg! Så An-Magritt og eg fekk ei lita innføring i korleis lage slike steampunk/altered art-anheng, og fekk leike oss i smykkekofferten.

Her er mine resultat:
IMG_2549
Denne består av ein gammal gardinring, bitar av ei tysk lesebok frå barneskulen (svidd og lakka med decoupagelakk), tannhjul frå gammal klokke, bilete av dame (Ulla har laga det!), bit av gammalt kjede, eit dissekert smykke og diverse filligrener.


IMG_2550
Bilete av Barbara Streisand (Ulla har også laga denne), urskive, perler og månestein, gammalt sølvkjede, dissekerte smykker og diverse filligrener.


IMG_2555
Gammal britisk mynt, gammal tysk mynt, liten gullfisk, brosje, tynne englevingar, gamle knappar, kjede, dissekert smykke av lær og filligrener.

mandag 24. november 2008

Gigaputer

Har sydd saccosekkputer (aka Buddah bags) til Viktor og Eirik. Dei har vorte flittig brukt, etter det eg har fått med meg ;)

IMG_2480

Også eit litt dårleg mobilbilete
Image029

onsdag 19. november 2008

Litt til meg sjølv

Eg har sydd litt til meg sjølv dei siste dagane: Miniskjørt og kjole i ull, og ein bolero i polarfleece. Har ikkje fått tatt gode bilete enno.

Improviserte kjolemønster i kveld, og heldigvis vart resultatet ganske bra ;)