torsdag 20. august 2009

Barnehagetøy

Ada brukar litt bleier i barnehagen, og vi har få bukser som passar med bleier i no, sidan ho slutta i sommar. Så då må ho mor fram med symaskina. Sydde tre apebukser (men utan applikasjon på rumpa, gjorde det enkelt!) i ulike storleikar - her er det i alle fall kjempegod plass til bleier ;) Alt sydd i polarfleece.

Bukser

Close up bukser

Sydde ei matchande jakke óg, greit å ha noko som ikkje er så tjukt på småkalde haustdagar. Håper veret er slik at ho kan gå med ny bukse og jakke i barnehagen i morgon då! Litt dårlege bilete, jakka burde hengt på ein barnekleshengar - her ser den frykteleg åttitals ut, med gigaskuldre *fnis*

Jakke

Jakke, bak

Tag

3 kommentarer:

Karoline sa...

Stilig, det så ut som skikkelig behagelig barnehagetøy. Og så praktisk med tre bukser som matcher samme jakke!

Trådsnella sa...

Kjempeflott snuppa!! Gleder meg å se at du syr igjen :)

chili og kjærleik sa...

Tusen takk! :D
Hadde håpa ho kunne gå med nye kle i dag, men Oslo bestemte seg visst for å vere heitt og fuktig, så det vart tights og t-skjorte i staden (klagar ikkje altså - I looove sol!)