mandag 28. april 2008

Dagens prosjekt...

...er eigentleg å rydde huset, men det er jo så mykje meir freistande å sette seg ved symaskina når Ada søv *fnis*

Har endeleg fått sydd ferdig denne omslagskjolen (klippa opp stoffet i Bergen!) og ei rosa bukse som passar til forklekjolen (også Bergensprosjekt) Det er så greit å sy når ting er ferdig klipte - det går jo så raskt unna!

Photobucket

Photobucket

Omslagskjolen er sydd i eit utrulig stilig og nydeleg mjukt cordstoff. Elskar fargane, mønsteret og teksturen! Såå fint! Har sydd ei selebukse i same stoff, men den manglar knappar enno. Ventar på at mamma skal kome med knappekassa si *hehe*

Og ei rosa bukse med brune hjarte (har jo fått ny symaskin må vite, så leikar meg storleg med pyntesaumar!)

Photobucket

Photobucket

Og saman med kjolen
Photobucket

Gler meg til at Ada kan stabbe rundt i dette settet til sommaren! Kanskje eg må sy ein matchande solhatt til ho!

Ingen kommentarer: