mandag 28. april 2008

Ny symaskin!!

Juhu! Eg har fått meg ny symaskin, og det er heilt fantastisk! LITT skilnad frå gamle mr. Singer som kan sjåast til høgre.

Valget falt tilslutt på Janome Jubilee 85, ei computermaskin med haugevis av pyntesaumar. Den kjennes veldig bra ut (har ikkje fått sydd SÅ masse på den enno) og no kan eg faktisk høyre på musikk medan eg syr! Yeah! Deilig med ei maskin som ikkje bråkar så inst...

Photobucket

Elles har eg byrja innreie sykroken min. Det er frykteleg rotete enno, har ikkje prioritert flytting og organisering over søvn i det siste... Leiligheita vår er no gul og oransje, eg lurer litt på kva eg skal henge på veggane. Kan ikkje ha hyller sidan vi har betongveggar.

Photobucket

I bokhylla har eg to hyller til diverse esker med saker og ting, mønster og bøker.
Photobucket

Bruker dei gamle hyllene frå badet til oppbevaring av tråd, verktøy mm
Photobucket

Midt mellom pultane har eg stoffkassene mine (bomullstoff)
Photobucket

Oppi her har eg faktisk bretta og sortert stoffet etter farge! (det ser kanskje ikkje sånn ut på biletet, men dei ligg ganske organisert)
Photobucket

Og i eit av skapa har eg nokre hyller til stoff:
Øverst: fleece og isoli
Midten: stroppestoff (cord i ei hylle og lin/bomull i ei hylle)
Nederst: bleiestoff (bambusvelour og bambusfrotté)
Photobucket

Ingen kommentarer: