lørdag 19. april 2008

Sytur til Bergen

Eg har vore i Bergen med Ada for å besøke storebror, svigerinne og tre skjønne tantebarn. Det vart masse sying på kveldstid, men neste gong har vi bestemt oss for å låne handtverksrommet på skulen, for det vart litt lite produktivt å dele ei maskin.

Eg sydde monkey pants til dei to eldste tantebarna - ei petrol med brune detaljar og oransj dinosaur i baken, og ei brun med rosa detaljer og smilefjes.
Photobucket
Veldig improvisert mønster, så dei vart litt store, og høge i livet.

Her er tre sjønne søskenbarn med apebuksene på:
Photobucket

Sydde også thailandske fiskebukser i tjukk lin. Her teikna eg berre rundt ei anna bukse og sydde i veg - resultatet vart litt deretter. Skal lage ordentleg mønster neste gong, då går det mykje raskare å sy (slepp justere så mykje i etterkant...)

Ada fekk ei prøvelappbukse som vart ganske fin, har klippa ut rosa stoff som skal bli bukse så snart eg får tid. Må ha ei bukse som matchar forklekjolen eg sydde.

Her er min produksjon:
Photobucket
Øverst til venstre: prøvelappbukser, nederst til venstre: forklekjole, til høgre: fiskerbukse

Og totalproduksjonen vår:
Photobucket
Øverst: hettegenser i petrol fleece (str 5 år)*, rosa monkey pants til L (str 6mnd-1år)*, selebukse i jersey (str 84)*, omslagskjole med brune detaljer (str 84)*, sommarbukse (str 84), thai fiskerbukse
Nederst: monkeypants i petrol fleece (str 3-5 år), monkeypants i brun fleece (str 3-5 år), vest i brun fleece (stoor str 80)*, forklekjolar med trykknappar(str 104*, 74*, 80)


*= blåbbli, svigerinnesydd :)

1 kommentar:

Kobra sa...

Så mye flott!! :D
Sånne fiskerbukser er bare så digg å gå i!! Har planer om å sy et par av de ja...
:)