torsdag 5. august 2010

Long time no see

Huff, kjempelenge sidan eg har rørt bloggen min no *flau* Men så var det baby, Mexico, Horten, jobbsøking, husleiting (der er vi fortsatt) og og og...

Men i dag fekk eg lyst til å skrive litt om dagen i dag i stikkordsform.

Dagens leppestift/lipgloss: Heilt streit Blistex, tørre lepper i dag.

Dagens duft (parfyme/lotion/shampoo/hva enn du dufter av): Baby? Nada med parfyme, og parfymefri krem etter dusjen i dag tidlig.

Dagens sko: Svarte Caterpillar joggesko.

Dagens smykker: Kuule knappeøyredobbar frå eye2eye, forlovelsesring og giftering.

Dagens bok (altså den du leser nå): Eating Animals av Jonathan Safran Foer.

Siste avis du leste: Gjengangeren (lokalavisa her i Horten).

Siste cd du hørte på: Hehe, har ikkje høyrt på cd på kjempelenge. Sist var nok i bilen i Mexico, og då tippar eg at det var Ada sin cd med barnesongar.

Siste film du så: Memoirs of a Geisha

Siste reise du var på (innenlands/utenlands): Laangt opphald i Mexico (og det blir nok ei stund til neste ferie).

Siste nettsted du var innom før denne bloggen: Smileull sin nye blogspotblogg!

Siste te/kaffe du drakk: Stoor chai latte på Kafferiet.

Siste setning du sa: "The yellow dummy is on the piano."

List opp tre ting fra veska di (sekk i dag): Har ikkje veske i dag, men den urgamle Fjellräven-sekken til mamma (den er heilt utslitt) og oppi der ligg bok (nemnte Eating Animals, lommebok og mobil.


torsdag 12. november 2009

Hekla blomar

Eg var hos An-Magritt i dag, og ho lærte meg å hekle blomar! Eg har ønska lære meg hekling så lenge no, og føler at eg er litt i gang sidan eg har lært meg å lage blomar. Dette blir pynten på til-frå-lappane til jul! Forøvrig kjenner eg at eg treng å bu i eit hus med vedomn eller peis, storkosa meg i godstolen foran flammane.






Også har eg strikka ein hals til Ada i eit fantasisk deilig garn, 50% silke og 50% merino. Skulle berre ønske eg hugsa kor eg hadde kjøpt det, for dette var rein strikkeglede! For eit deilig garn, og vakkert skin i det ferdige plagget. Har lyst til å strikke masse masse deilig til heile familien i dette vakre garnet!
Oppskrifta er frå Nøstebarn, men sidan eg strikka med tjukkare garn gjekk eg opp ein pinnestorleik og litt ned i masketal.

Ikkje så enkelt å ta bilete av ein toåring som berre vil springe rundt for å sleppe å kle på seg for å gå i barnehagen ;)
IMG_1546


søndag 8. november 2009

Farsdagsmuffins og sokkar

I dag baka Ada og eg muffins til Elias, han ønska seg sitronmuffins - så vi gjekk til oppgåva med liv og lyst! Men skuffande nok slo ikkje sitronsmaken gjennom, til tross for at vi brukte juicen av ein heil sitron. Redninga vart å lage glasur med masse sitron - for å balansere den ganske søte vaniljemuffinsen. Har fått heilt muffinsdilla om dagen, sit og siklar på marthasteward.com om dagen, men likar ikkje at dei brukar så mange ingredienser ein ikkje får tak i i Noreg, og sticks/cups i staden for metriske mål. Så eg har bestilt ei muffinsbok frå Amazon som forhåpentlegvis er i posten snart.

Her er den glade medhjelpar (legg merke til det überkule Marimekkoforkleet etter farmor!). Note to self: Ikkje bruk Nøstebarngenser neste gong Ada skal bake (evt sy eit forkle som passar litt betre), det blir himla masse kliss når ho skal slikke bollen etterpå!
IMG_1515

IMG_1518

Og resultatet:
IMG_1521

Oppskrifta på fantastisk gode muffins kjem her:
1 egg
3/4 dl matolje
2,5 dl mjølk
4,8 dl mjøl
1,5 dl sukker
3 ts bakepulver
ei klype salt

Bland det tørre i ein bolle, rør saman det våte og bland dei to forsiktig. Deigen skal berre rørast lett saman, inga pisking eller intens røring - då blir muffinsane seige. Tilsett smak etter ønske (banan, blåbær, vanilje, sjokolade, nøtter...)
Hell i muffinsformer og steik i 15-20 min på 200 grader. Og hey presto! Gooode muffins!


Også har eg jo ikkje lagt ut bilete av mitt første sokkepar! Dei er strikka i Mor Aase babyull (tenkte det var greit å teste oppskrifta med billiggarn først, fungerte finfint!) Oppskrifta er frå Myk Start, og veldig grei å strikke. Litt trøblete å plukke opp masker når ein strikkar sjølve foten, men elles gjekk det raskt!
IMG_1480


tirsdag 27. oktober 2009

Babystrikk

Eg held på med mitt første sokkepar, den første sokken strikka eg i går, og nummer to blir nok ferdig i løpet av dagen. Enkel oppskrift frå Myk Start (Babysokker på to pinner) - kan jo ikkje hælfelling, så då startar vi med små steg.

Elias Olai er ein baby som krev mykje nærkontakt, ikkje så stas å sove i vogn foreksempel. Men enno er han så liten at baby på brystet kan kombinerast med strikking :)
IMG_1471

IMG_1472


torsdag 8. oktober 2009

Velkomen til verda!

Hehe, det var tydelegvis å sy i knappar som skulle til, Elias Olai vart fødd 6. oktober kl 15:28. Ein stor, og fantastisk fin gut! Vi er lukkelege, og litt slitne tobarnsforeldre.

IMG_1241


mandag 5. oktober 2009

Mykeste myke jakke

Jess, ferdigstrikka før helga, men måtte sy i knappar (hadde ingen fine treknappar heime, og er jo som vanleg litt treig med å kome meg på butikken) Fann desse utrulig søte hjarteknappane på Strikkedilla på Oslo City - dei passa heilt perfekt! Strikka berre fire knapphol (er fem i oppskrifta), så då er det greit å kjøpe knappar som kostar litt :)

Litt mørkt bilete, har ikkje det beste lyset i leiligheita akkurat. Men her er jakka:
Mykeste myke jakke

Mykeste myke jakke_close up


lørdag 3. oktober 2009

Forseinka barselgåve

Ja, eg er ikkje den raskaste til å få ut fingeren og gratulere nyankomne verdsborgarar, men no har eg endeleg fått sendt ei lita merksemd til Pernilla, guten hennar er vel fem veker blitt - så betre seint enn aldri ;)

Ullbukse i str 0-6 mnd, mønster frå Myk Start. Strikka i ull frå Ebay.
IMG_1093


Ser ut til å passe fint saman med denne formsydde i alle fall, frå Bum Genious. Deilige deilige bambusbleia!
IMG_1094


Elles er hentesett-jakka ferdig strikka, men manglar knappar. Strikka ferdig det andre ermet i føremiddag, og monterte jakka no medan Kometkameratane stod på. Fantastiske NRK-programmet! Bilete kjem når knappane er i. Må få strikka ei lue óg, så er vi klare!


onsdag 30. september 2009

Samuraibukser

Jess, hentesett-buksa er ferdig. Veldig improvisert og vi kan jo late som at eg hadde planlagt å ikkje strikke heile buksa i rillestrikk *fnis* Uansett, godt nøgd med resultatet, den er herlig mjuk og veldig romsleg - ikkje noko stress å få plass til tøybleierumpe i denne buksa nei!

Samuraibukser

Hentesett bukse


Og eg har starta på Mykeste myke jakke frå Myk Start. Strikkar i Tynn Alpakka frå DSA, og nett ferdig med bakstykket. Går faktisk ganske raskt å strikke, til tross for at eg må sjå ned heile tida så eg ikkje hoppar over masker og slikt. Såg ei dame som strikka Selbuvottar på Norsk Attraksjon på NRK laurdag, og ho strikka berre heilt ekstremt raskt og utan å sjå ned - kjente at eg vil også bli sånn på mine eldre dagar (men vil kanskje heller strikke noko anna enn 35 Selbuvottar i månaden!)

Anyways, her er eit glimt av jakka:
Mykeste myke jakke rygg

Skal gå og legge opp framstykka no, må jo berre strikke i veg om eg skal bli ferdig før termin :)



torsdag 24. september 2009

Strikking i solveggen

Deilig septemberdag med strålande sol, og varme på balkongen! Har lagt opp hentesett-bukse etter inspirasjon frå Merete Blandar oppskrifta på "rillestrikka sparkebukse" frå Nøstebarn og "bukse uten seler" frå Myk Start, og strikkar i NZ Lammeuld. Snart ferdig med første bein (blir ferdig i løpet av kvelden i alle fall)

Her er strikketøyet, magen og meg på balkongen (ser ikkje så mykje av strikketøyet då...) 38 veker i morgon :)
37+6


37+6


Var på ultralyd i dag for å sjekke leie, og oktoberfrijol har heldigvis snudd seg med hovudet ned. Men hovudet er ikkje nede i bekkenet, så eg må på ein ekstra kontroll neste veke for å sjekke leie igjen. Håper han legg seg rette vegen og at hovudet festar seg - då ligg alt til rette for fødsel på ABC! Han vart estimert til ca 3,5kg no, så for min del kan han berre kome ut når som helst ;)


mandag 21. september 2009

Fuglemammas omslagsbody

Jess, endeleg ferdig! (Eller, eg må sy i trykknappar inni, men det føler eg ikkje hastar så intenst) Den vart litt lengre framme enn bak, vi får sjå korleis det blir med bleie inni.

Synes fargen berre vart finare og finare etterkvart som eg strikka med den. Ganske dueblå, og kjem sikkert til å passe fint til vesle oktoberfrijol. Garnet er NZ Lammeuld frå 123Knit. Mønsteret er frå Myk Start.
Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody - close up


Og sidan eg er ferdig med eitt prosjekt måtte eg jo legge opp litt nytt. Starta på eit skjerf til meg sjølv, tenkte kanskje å strikke ei lue til, og matchande sett til Ada. Deilig deilig i mjuk Faerytale, på pinne 5,5. Luftig og godt!
Har vel strikka omlag ein meter no, brukte opp eitt nøste på det. Satsar på at eg har nok til ei vaksenlue, ei barnelue, eitt barneskjerf og resten av dette skjerfet. Har tre nøste att.
IMG_1046

IMG_1047


Også byrja eg på ein longies til oktoberfrijol. Synes den ser ganske stor ut til å vere 1-3 månader, og eg er eigentleg litt irritert på meg sjølv at eg ikkje valgte å strikke ei anna bukse. Har ikkje planlagt noko hentesett enno, så burde vel strengt tatt strikka det i staden for bleiebukse. Men det går raskt unna, reknar med eg får ferdig det eine beinet i kveld foran tven!
Elskar fargane i dette garnet! E-bayull, som eg ikkje hugsar kor eg kjøpte.
IMG_1045