mandag 28. april 2008

Ny symaskin!!

Juhu! Eg har fått meg ny symaskin, og det er heilt fantastisk! LITT skilnad frå gamle mr. Singer som kan sjåast til høgre.

Valget falt tilslutt på Janome Jubilee 85, ei computermaskin med haugevis av pyntesaumar. Den kjennes veldig bra ut (har ikkje fått sydd SÅ masse på den enno) og no kan eg faktisk høyre på musikk medan eg syr! Yeah! Deilig med ei maskin som ikkje bråkar så inst...

Photobucket

Elles har eg byrja innreie sykroken min. Det er frykteleg rotete enno, har ikkje prioritert flytting og organisering over søvn i det siste... Leiligheita vår er no gul og oransje, eg lurer litt på kva eg skal henge på veggane. Kan ikkje ha hyller sidan vi har betongveggar.

Photobucket

I bokhylla har eg to hyller til diverse esker med saker og ting, mønster og bøker.
Photobucket

Bruker dei gamle hyllene frå badet til oppbevaring av tråd, verktøy mm
Photobucket

Midt mellom pultane har eg stoffkassene mine (bomullstoff)
Photobucket

Oppi her har eg faktisk bretta og sortert stoffet etter farge! (det ser kanskje ikkje sånn ut på biletet, men dei ligg ganske organisert)
Photobucket

Og i eit av skapa har eg nokre hyller til stoff:
Øverst: fleece og isoli
Midten: stroppestoff (cord i ei hylle og lin/bomull i ei hylle)
Nederst: bleiestoff (bambusvelour og bambusfrotté)
Photobucket

Dagens prosjekt...

...er eigentleg å rydde huset, men det er jo så mykje meir freistande å sette seg ved symaskina når Ada søv *fnis*

Har endeleg fått sydd ferdig denne omslagskjolen (klippa opp stoffet i Bergen!) og ei rosa bukse som passar til forklekjolen (også Bergensprosjekt) Det er så greit å sy når ting er ferdig klipte - det går jo så raskt unna!

Photobucket

Photobucket

Omslagskjolen er sydd i eit utrulig stilig og nydeleg mjukt cordstoff. Elskar fargane, mønsteret og teksturen! Såå fint! Har sydd ei selebukse i same stoff, men den manglar knappar enno. Ventar på at mamma skal kome med knappekassa si *hehe*

Og ei rosa bukse med brune hjarte (har jo fått ny symaskin må vite, så leikar meg storleg med pyntesaumar!)

Photobucket

Photobucket

Og saman med kjolen
Photobucket

Gler meg til at Ada kan stabbe rundt i dette settet til sommaren! Kanskje eg må sy ein matchande solhatt til ho!

søndag 27. april 2008

Vårleg veske til Trine

Photobucket

Denne veska har eg sydd til Trine. Ho ville så gjerne ha ei veske i dette stoffet, håper den har vore verdt å vente på...

Lomme til vannflaske
Photobucket

Og lomme inni til mobil og diverse
Photobucket

fredag 25. april 2008

Podaegi

Har sydd ein lilla og grå podaegi til Anita som takk for at eg fekk låne eit sjal av ho.

Stropper i koksgrå lin
Panel i grå silke (innsida) og lilla/grått bomullstoff (utsida)

Photobucket

Photobucket

Detalj på den eine stroppen
Photobucket

Og slik ser den ut på:
Photobucket

lørdag 19. april 2008

Sytur til Bergen

Eg har vore i Bergen med Ada for å besøke storebror, svigerinne og tre skjønne tantebarn. Det vart masse sying på kveldstid, men neste gong har vi bestemt oss for å låne handtverksrommet på skulen, for det vart litt lite produktivt å dele ei maskin.

Eg sydde monkey pants til dei to eldste tantebarna - ei petrol med brune detaljar og oransj dinosaur i baken, og ei brun med rosa detaljer og smilefjes.
Photobucket
Veldig improvisert mønster, så dei vart litt store, og høge i livet.

Her er tre sjønne søskenbarn med apebuksene på:
Photobucket

Sydde også thailandske fiskebukser i tjukk lin. Her teikna eg berre rundt ei anna bukse og sydde i veg - resultatet vart litt deretter. Skal lage ordentleg mønster neste gong, då går det mykje raskare å sy (slepp justere så mykje i etterkant...)

Ada fekk ei prøvelappbukse som vart ganske fin, har klippa ut rosa stoff som skal bli bukse så snart eg får tid. Må ha ei bukse som matchar forklekjolen eg sydde.

Her er min produksjon:
Photobucket
Øverst til venstre: prøvelappbukser, nederst til venstre: forklekjole, til høgre: fiskerbukse

Og totalproduksjonen vår:
Photobucket
Øverst: hettegenser i petrol fleece (str 5 år)*, rosa monkey pants til L (str 6mnd-1år)*, selebukse i jersey (str 84)*, omslagskjole med brune detaljer (str 84)*, sommarbukse (str 84), thai fiskerbukse
Nederst: monkeypants i petrol fleece (str 3-5 år), monkeypants i brun fleece (str 3-5 år), vest i brun fleece (stoor str 80)*, forklekjolar med trykknappar(str 104*, 74*, 80)


*= blåbbli, svigerinnesydd :)

søndag 6. april 2008

Fleecekjole

Har sydd tunika/fleecekjole til meg sjølv. Denne er i rosa fleece med brune detaljer. Har sydd ein i grått og turkis også, men har ikkje fått tatt bilete av den enno.

Photobucket

Photobucket

Detaljer med blitz
Photobucket

Og eit trekløver i nakken
Photobucket

lørdag 5. april 2008

Nye apebukser

Sydde eit par apebukser til Ada. Denne gongen i isoli. Litt vanskeleg å få linningen fin, og buksa vart kjempestor. Men den ser veldig god ut :)

Foran
Photobucket

Bak
Photobucket

Photobucket

fredag 4. april 2008

Hue til Sofia

Kollegaen til Elias falt pladask for "teletubby-hua" til Ada, og spurte om ho kunne bestille ei av meg. Mønsteret har Ulla laga, eg berre endra på snurreduppen på hovudet. Dette vart ei prinsessehue (men fleece og silkebrokade er eit prosjekt i seg sjølv, vanskeleg å få det fint - dette var jo ein prøveklut så...)

Without further ado:

Photobucket

Krone med sommarfuglar i "gull"-brokade
Photobucket

Genial lukkemekanisme!
Photobucket

Finn ikkje att merkelappane mine, så måtte berre lage ein midlertidig dings ;)
Photobucket
Eg er med på Pay it Forward og har fått eit utrulig kult handlenett frå Ohelene :) Turkis med grøne prikkar, og det tek jo ingen plass i veska. Supert!

Photobucket

tirsdag 1. april 2008

Dress til My

Her er den første fleecedressen eg sydde. Den vart litt stor, men My kan i alle fall vekse inn i den! :)


Photobucket

Med applikerte blad på ryggen
Photobucket

(Eg har også på meg heimesydd fleecekjole!)