tirsdag 23. september 2008

Dagens outfit

Fann ut at desse nikkersane som eg sydde før sommaren passar like fint til haustbruk med ullstrømpis under :)

Funky

ModelMama ModelBaby

Details

mandag 22. september 2008

Måndag morgon

Nokre gongar er dette den einaste måten og kome i gang med ei ny veke på

Hotcakes on a Monday Morning

Blåbærhotcakes, nesten slik som svigermor lagar dei (ho brukar sjokoladebitar i staden for blåbær då *hehe*)

lørdag 20. september 2008

Snekkerbukse

Yes, då har eg fått sydd saman litt av det oppklipte frå forrige post *hehe*

Bukse i raud isoli og vintage bomullsstoff, kanta med oransje kantband og raudt fløyelsband, og raude vintage knappar :)

Red jumpsuit 1

Med ein liten applikasjon på rumpa:
Apliqué

onsdag 17. september 2008

Klippe klippe

I dag har vore den o store klippedagen! Var på besøk hos Ulla, og meldte meg som klippeansvarleg.

Har klippa ut tolv selebukser (fem til meg, tre til An-Magritt og fire til Ulla), ein dress, to huer og ei jakke.

Her er det eg skal sy av framover ;)
Photobucket
Raud+raud selebukse, grå+grå/grøn selebukse, brun+raud selebukse, brun hue, lime jakke og hue og til slutt lime+grøn selebukse. Såå deilig å berre ha ferdig oppklippa stoff!

Ada helte ein tutekopp med druejuice over seg sjølv, og Ulla smekka saman ei av buksene eg hadde klippa ut, så Ada hadde noko og ha på seg på heimturen. Nydeleg deilig bukse i vintage flanell! Kanta med oransje satengband, pynta med oransje fløyeslband (til og med lagt inn litt feminine legg!!) og kule oransje knappar. Den er fantastisk!!
Photobucket

Photobucket

søndag 14. september 2008

Leggings

Eg kjøpte masse finfint garn på Ebay og har strikka leggingsar til Ada. Har planar om å strikke longies (ullbukser med lange bein til tøybleier)

Deilig melert garn (handfarga) i rosa/lilla:
Photobucket

Photobucket

fredag 12. september 2008

Bukse

Symaskina mi har ikkje akkurat fått slitt seg ut i det siste, men eg har sydd litt. I dag var eg på kjempekoseleg syklubb hos An-Magritt og lagde deilig fleecebukse til Ada:

Photobucket

Den er LITT stor endå, så bryststykket kjem litt lavt ned. La oss kalle det innovativ og spanande design *knegg*
Photobucket

Applikasjon på beina (ekte vintagestoff!)
Photobucket

Applikasjon på ryggen
Photobucket