fredag 31. oktober 2008

Helg

Lite oppdatering i det siste, det har vore mykje stress på universitetet og litt jobbing med noko spanande som skal skje i morgon ;)

Men no er det helg, og for tida held vi hus her: Grims Grenka

Har nett ete ein deilig middag via roomservice, Ada åt nesten eit heilt kyllingbryst med massevis av chili. No tuslar ho rundt i bærrompa med bodylotion over alt, over heile seg og det må jo smakast på (ho har lært seg og opne skrukorker tydelegvis...)

Mitt kreative bidrag i det siste er å sy to digre saccosekkputer, ei til Mattis og ei til Eirik/Viktor. Eirik/Viktor har bestilt to, så leiligheita vår er rimelig full (dei tek jo som kjent ikkje lite plass *fnis*)

søndag 19. oktober 2008

RaudlaukAda

Vi måtte jo nesten berre sy matchande hue og bukse til den nye meitaien vår: Ein Raudlauk Eye2Eye

Her demonstrert av Ada og Elias i Smalgangen:
Photobucket


Hadde litt brun fleece til overs, og leita meg gjennom restekassa til Ulla for å finne nokre passande bitar av dette stoffet som har blitt døypt "raudlauk".

I give you Raudlauk Selebukse og Snelle-hue
Raudlauk bukse + hue

ModellAda

Legg merke til matchande sko *fnis*

torsdag 16. oktober 2008

Forefallande arbeid

Byrja sy ein tunika for lenge sidan, men gjorde aldri ferdig utringinga. Endeleg sat eg meg ned og gjorde det - og det var ei skikkelig god kjensle etterpå altså! Herlig!

Tunic

Tunic

Den er sydd i stretch jersey, med blondedetaljar på ermane (det viser jo ikkje så godt på bileta då), kvitt skråband med pyntesaum nede og svart skråband i utringinga. Eg er godt nøgd med resultatet!


Har også sydd ei bukse i dag, i isoli og kraftig bomull. Knappane fann eg i knappesamlinga til mamma, dei er verkeleg vintage :)

Blågrå

Buttons

mandag 13. oktober 2008

Garnsnask

Har fått deilig babyalpakka/silkegarn frå Du Store Alpakka Det ligg framleis i restekassa, deilig raud og mintgrøn (ikkje kvitt som eg trudde...)

Babysilk


La også inn ei bestilling hos Get Knitted, dei har masse fint på sal no.

To nøster bambusgarn
Bamboo

Lilla ull/silkeblanding og raudlilla babyalpakka
Wool Silk and Alpaca

Multifarga ull/silke. Dette er ganske tjukt.
Wool Silk blend


Og Ada har sjølvsagt på seg matchande tøy. Heildrakt frå Mala med ullnøster på!
Ada

Ada


No må eg berre finne ut kva eg skal strikke av alt dette... :)

søndag 12. oktober 2008

I love loppis!

Yes, i helga har An-Magritt, Ulla og eg vore på loppis (AM og eg tok den heilt ut og var på loppis både laurdag og søndag *hehe*) og eg har gjort nokre kupp og funne nokre skattar. Det beste står framleis på låven hos An-Magritt sidan det er litt vanskeleg å frakte møblar på toget. Har funne eit fantastisk kult lite bord og to hyller som eg skal sette saman til skjenk/tv-benk.

Men i mi naud innsåg eg at eg ikkje hadde moglegheit til å stappe alle loppefunna mine ned i Baggu-nettet eg hadde med meg (det var uansett allereie fullt av toalettsaker, pysjamas og undertøy), så eg brukte litt av ei loppe og symaskina til An-Magritt og hastesydde ei veske utan oppskrift. Litt skeiv og med fryyyktelig lang hank, men den romma masse gitt!

Veske av gammal duk og litt brun cord:
Duk+cord=veske

Veske


Også sjølvsagt litt bilete av loppisfunn!

Kjøkkensaker: Knallraud vekt (den er rett altså, det er berre Ada som har skrudd litt på skruen på baksida!), oransje og gul plastbolle og ein liten kopp eg berre måtte ha. Den er full av skår og har blitt limt, men den er så fiin!
Kjøkkenting

Raude nesnalobbar. An-Magritt og eg fekk to par for tjue kroner, og har avtalt at når Edvard veks ut av sitt par skal Ada få arve det. Det andre paret er grå med raude sålar.
Nesnalobb

Ulltøy (det rosa er for stort og det kvite passar til neste baby)
Ulltøy

Diverse leiker til Ada (trepuslespel, bok, treleiker, Fisher Price-saker)
Leiker

Gul og raud badeand. Desse blir knall på badet altså!
Ducky


I tillegg til dette og møblane har eg ein pose med diverse stoff som skal få bli barnetøy. Eg diggar loppis altså!