Viser innlegg med etiketten barnetøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barnetøy. Vis alle innlegg

søndag 13. september 2009

Ullkjolar

I går ettermiddag sydde eg to kjolar, deilig å føle seg litt kreativ igjen! No har eg brukt opp alt det lilla ullstoffet, og eg kjenner at Ada eigentleg burde hatt ein slik lilla kjole ho óg. Jaja...

Først ut er ein lilla elefantkjole med mamma- og babyelefant:
IMG_0989

IMG_0990


Så ein lekker gingko-inspirert kjole:
IMG_0985

IMG_0986

Gingko-kjolen er no til sals hos Snellene!


fredag 4. september 2009

Fotografering i barnehagen

I dag var det fotografering i barnehagen, og eg hadde lyst til å sy ei bukse til Ada. Var hos Ulla i går, og improviserte denne selebuksa. Trudde den skulle vere gigantisk, men då vi prøvde den på var den berre heilt passeleg - så då må eg kanskje sy ei til som er litt større (og som sit litt betre over skuldrane)

IMG_0895

IMG_0896


Eg sydde også ei lommeslynge til veslebabyen, her med improvisert "baby" ;) Litt vanskeleg å ta eit bra bilete av seg sjølv OG slynga i spegelen, men men. Sydd i grå stretchfrotté - den er supermjuk og deilig! Og det gjekk så raskt å sy, trur kanskje eg skal sy ei til i fleece til vinteren, og kanskje ei til Elias óg.

Pouch sling



torsdag 27. august 2009

Veksejakke, babylue og bleiebukse

Jess, endeleg kan eg legge ut bilete av litt ferdig strikk! Veksejakka er ferdig (skal hekle kant rundt når eg får brun merinoull) og eg strikka ei babylue (lettstrikket babylue frå Nøstebarn, med knapp i staden for lange snorer) som matchar. Har framleis litt grønt garn att av hespet, så eg skal strikke ei babylue til i 1-3 mnd. Denne det er bilete av er i str nyfødt. Fantastisk at ein får så masse ut av 100g ull!

Babylue

Veksejakke


Bleiebuksa er etter mønster frå Fern&Faerie (oppskrift finn du på tøybleieforumet på Tettinntil) og mitt første og utrulig mislukka forsøk på maskesting *grøss* Men men, den er i alle fall bittelita og utrulig søt! Strikka i Østlandsgarn.
Wool soaker


Også eit lite bilete av Ada sin barnehagebento. Barnehagetilvenninga går heilt elendig, ho berre gret og seier "ikke barnehagen", så det er vondt i mammahjartet. Men matboksen elskar ho, så vi speler mykje på det ved levering!
27 Aug

27 Aug
Øverste etasje: Cherry tomatar, halv banan, fiskebolle-kaniner, kokt egg og gulrotbitar
Nederste etasje: Svisker, valnøtter, riskjeks og litt meir cherry tomatar


torsdag 20. august 2009

Barnehagetøy

Ada brukar litt bleier i barnehagen, og vi har få bukser som passar med bleier i no, sidan ho slutta i sommar. Så då må ho mor fram med symaskina. Sydde tre apebukser (men utan applikasjon på rumpa, gjorde det enkelt!) i ulike storleikar - her er det i alle fall kjempegod plass til bleier ;) Alt sydd i polarfleece.

Bukser

Close up bukser

Sydde ei matchande jakke óg, greit å ha noko som ikkje er så tjukt på småkalde haustdagar. Håper veret er slik at ho kan gå med ny bukse og jakke i barnehagen i morgon då! Litt dårlege bilete, jakka burde hengt på ein barnekleshengar - her ser den frykteleg åttitals ut, med gigaskuldre *fnis*

Jakke

Jakke, bak

Tag

søndag 19. oktober 2008

RaudlaukAda

Vi måtte jo nesten berre sy matchande hue og bukse til den nye meitaien vår: Ein Raudlauk Eye2Eye

Her demonstrert av Ada og Elias i Smalgangen:
Photobucket


Hadde litt brun fleece til overs, og leita meg gjennom restekassa til Ulla for å finne nokre passande bitar av dette stoffet som har blitt døypt "raudlauk".

I give you Raudlauk Selebukse og Snelle-hue
Raudlauk bukse + hue

ModellAda

Legg merke til matchande sko *fnis*

torsdag 16. oktober 2008

Forefallande arbeid

Byrja sy ein tunika for lenge sidan, men gjorde aldri ferdig utringinga. Endeleg sat eg meg ned og gjorde det - og det var ei skikkelig god kjensle etterpå altså! Herlig!

Tunic

Tunic

Den er sydd i stretch jersey, med blondedetaljar på ermane (det viser jo ikkje så godt på bileta då), kvitt skråband med pyntesaum nede og svart skråband i utringinga. Eg er godt nøgd med resultatet!


Har også sydd ei bukse i dag, i isoli og kraftig bomull. Knappane fann eg i knappesamlinga til mamma, dei er verkeleg vintage :)

Blågrå

Buttons

lørdag 20. september 2008

Snekkerbukse

Yes, då har eg fått sydd saman litt av det oppklipte frå forrige post *hehe*

Bukse i raud isoli og vintage bomullsstoff, kanta med oransje kantband og raudt fløyelsband, og raude vintage knappar :)

Red jumpsuit 1

Med ein liten applikasjon på rumpa:
Apliqué

fredag 12. september 2008

Bukse

Symaskina mi har ikkje akkurat fått slitt seg ut i det siste, men eg har sydd litt. I dag var eg på kjempekoseleg syklubb hos An-Magritt og lagde deilig fleecebukse til Ada:

Photobucket

Den er LITT stor endå, så bryststykket kjem litt lavt ned. La oss kalle det innovativ og spanande design *knegg*
Photobucket

Applikasjon på beina (ekte vintagestoff!)
Photobucket

Applikasjon på ryggen
Photobucket

tirsdag 24. juni 2008

Fleecegenser til Ada

Har sydd to fleecegensrar til Ada som ho kan bruke når det er litt kaldare i veret (det er jo ikkje såå fine somrar vi har her i Noreg alltid). Her er bilete av den eine, dei er sydd i same form begge to. Mønsteret er frå "Barnetøy du selv kan sy"

Photobucket

Photobucket


Litt motvillig modell ;)
Photobucket

Photobucket

torsdag 19. juni 2008

Hjelmluer og bukse

Sydde nokre hjelmluer til Ada, men dei vart for små (brukte mønsteret frå Barnetøy du selv kan sy i str 1 år, men det var ikkje heilt passeleg...)

Photobucket

Photobucket


Og ei bukse i dus rosa cord, med linning i fleece (som vart altfor stor *hehe*)
Photobucket

tirsdag 17. juni 2008

Overall til Ada

Har sydd ein overall til Ada i kjempesøt rosa babycord. Mine første to knapphol vart sydd på denne buksa, og det var jo inga sak! Geniale symaskina gjorde jo absolutt ALT, målte knappen og sydde eit hol som passa til. Juhuu!

Photobucket


Knappar frå den fantastiske knappesamlinga til mamma
Photobucket


Den er litt stor enno, så modellen vassar litt i den *hihi*
Photobucket

Photobucket


Også eit til berre fordi ho er så søt ;)
Photobucket

mandag 28. april 2008

Dagens prosjekt...

...er eigentleg å rydde huset, men det er jo så mykje meir freistande å sette seg ved symaskina når Ada søv *fnis*

Har endeleg fått sydd ferdig denne omslagskjolen (klippa opp stoffet i Bergen!) og ei rosa bukse som passar til forklekjolen (også Bergensprosjekt) Det er så greit å sy når ting er ferdig klipte - det går jo så raskt unna!

Photobucket

Photobucket

Omslagskjolen er sydd i eit utrulig stilig og nydeleg mjukt cordstoff. Elskar fargane, mønsteret og teksturen! Såå fint! Har sydd ei selebukse i same stoff, men den manglar knappar enno. Ventar på at mamma skal kome med knappekassa si *hehe*

Og ei rosa bukse med brune hjarte (har jo fått ny symaskin må vite, så leikar meg storleg med pyntesaumar!)

Photobucket

Photobucket

Og saman med kjolen
Photobucket

Gler meg til at Ada kan stabbe rundt i dette settet til sommaren! Kanskje eg må sy ein matchande solhatt til ho!