tirsdag 27. oktober 2009

Babystrikk

Eg held på med mitt første sokkepar, den første sokken strikka eg i går, og nummer to blir nok ferdig i løpet av dagen. Enkel oppskrift frå Myk Start (Babysokker på to pinner) - kan jo ikkje hælfelling, så då startar vi med små steg.

Elias Olai er ein baby som krev mykje nærkontakt, ikkje så stas å sove i vogn foreksempel. Men enno er han så liten at baby på brystet kan kombinerast med strikking :)
IMG_1471

IMG_1472


torsdag 8. oktober 2009

Velkomen til verda!

Hehe, det var tydelegvis å sy i knappar som skulle til, Elias Olai vart fødd 6. oktober kl 15:28. Ein stor, og fantastisk fin gut! Vi er lukkelege, og litt slitne tobarnsforeldre.

IMG_1241


mandag 5. oktober 2009

Mykeste myke jakke

Jess, ferdigstrikka før helga, men måtte sy i knappar (hadde ingen fine treknappar heime, og er jo som vanleg litt treig med å kome meg på butikken) Fann desse utrulig søte hjarteknappane på Strikkedilla på Oslo City - dei passa heilt perfekt! Strikka berre fire knapphol (er fem i oppskrifta), så då er det greit å kjøpe knappar som kostar litt :)

Litt mørkt bilete, har ikkje det beste lyset i leiligheita akkurat. Men her er jakka:
Mykeste myke jakke

Mykeste myke jakke_close up


lørdag 3. oktober 2009

Forseinka barselgåve

Ja, eg er ikkje den raskaste til å få ut fingeren og gratulere nyankomne verdsborgarar, men no har eg endeleg fått sendt ei lita merksemd til Pernilla, guten hennar er vel fem veker blitt - så betre seint enn aldri ;)

Ullbukse i str 0-6 mnd, mønster frå Myk Start. Strikka i ull frå Ebay.
IMG_1093


Ser ut til å passe fint saman med denne formsydde i alle fall, frå Bum Genious. Deilige deilige bambusbleia!
IMG_1094


Elles er hentesett-jakka ferdig strikka, men manglar knappar. Strikka ferdig det andre ermet i føremiddag, og monterte jakka no medan Kometkameratane stod på. Fantastiske NRK-programmet! Bilete kjem når knappane er i. Må få strikka ei lue óg, så er vi klare!