fredag 7. mars 2008

Stoor veske

Eg skulle forstørre mønsteret på denne veska 129% - utan kopimaskin er det ganske vanskeleg, så eg blingsa LITT med storleiken. Endra litt på mønsteret undervegs også, så det vart ei gigantveske med plass til omtrent alt :) Originalmønsteret er frå Amy Karol si bok "bend-the-rules Sewing"

Photobucket

Lommer til nøklar og lypsyl, mobiltelefon og diverse
Photobucket

Stroppen er sydd inn i veska, i endane. Når det er noko tungt i veska vil det gjere at veska dreg seg litt saman. Genialt! (Trur eg, har ikkje prøvd å bere noko i den enno)

Lange nok stropper til at eg kan ha den tvers over brystet, eller den kan henge over skuldra. Deilig med breirifla cord som veskestropp!
Photobucket


Eg manglar framleis ei veske med lok eller ein form for lukkeåpning. Det kjem etterkvart. Skal sy nokre mapper eg kan ha bleier og slikt i også, så blir det enklare å finne fram *hihi*

2 kommentarer:

Trådsnella sa...

vil ha oppskrift :) ?

chili og kjærleik sa...

Oppskrift skal vi ordne!