Yes, i helga har An-Magritt, Ulla og eg vore på loppis (AM og eg tok den heilt ut og var på loppis både laurdag og søndag *hehe*) og eg har gjort nokre kupp og funne nokre skattar. Det beste står framleis på låven hos An-Magritt sidan det er litt vanskeleg å frakte møblar på toget. Har funne eit fantastisk kult lite bord og to hyller som eg skal sette saman til skjenk/tv-benk.
Men i mi naud innsåg eg at eg ikkje hadde moglegheit til å stappe alle loppefunna mine ned i Baggu-nettet eg hadde med meg (det var uansett allereie fullt av toalettsaker, pysjamas og undertøy), så eg brukte litt av ei loppe og symaskina til An-Magritt og hastesydde ei veske utan oppskrift. Litt skeiv og med fryyyktelig lang hank, men den romma masse gitt!
Veske av gammal duk og litt brun cord:
Også sjølvsagt litt bilete av loppisfunn!
Kjøkkensaker: Knallraud vekt (den er rett altså, det er berre Ada som har skrudd litt på skruen på baksida!), oransje og gul plastbolle og ein liten kopp eg berre måtte ha. Den er full av skår og har blitt limt, men den er så fiin!
Raude nesnalobbar. An-Magritt og eg fekk to par for tjue kroner, og har avtalt at når Edvard veks ut av sitt par skal Ada få arve det. Det andre paret er grå med raude sålar.
Ulltøy (det rosa er for stort og det kvite passar til neste baby)
Diverse leiker til Ada (trepuslespel, bok, treleiker, Fisher Price-saker)
Gul og raud badeand. Desse blir knall på badet altså!
I tillegg til dette og møblane har eg ein pose med diverse stoff som skal få bli barnetøy. Eg diggar loppis altså!
søndag 12. oktober 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar