søndag 16. august 2009

Blåbærmuffins

Jepp, litt av bæra har fått nytt liv som muffins. Deilige, grove blåbærmuffins som vi nesten kan late som er sunne sidan dei har så masse grovt mjøl og berre halv sukkermengd. Silikonformer er heilt genialt, må kjøpe ein pakke til - sidan 12 former er litt i minste laget (burde hatt dobbelt så mange, men greit å bli kvitt papirformene uansett)



Grove blåbærmuffins

2,5dl skumma mjølk
1/2dl matolje
1 egg

1dl kveitemjøl
1,5dl grovt mjøl (vi brukte sammalt kveite, einaste vi hadde i hus)
1dl havregryn
1dl sukker
2ts bakepulver

Rør saman det våte og det tørre kvar for seg, bland så og rør lett (veldig viktig å berre røre bittelitt, viss ikkje blir ikkje muffinsane luftige) Ha i ein god slump blåbær (Ada helte oppi sikkert 250 gram, det var litt i overkant *hehe*)
Steikast på 210 grader, midt i omnen, i ca 18 min


Signatur

Har blitt så inspirert av å lese andre sine bloggar med så fin signatur, så no testar eg min eigen :)

lørdag 15. august 2009

Blåbærtur

Lenge sidan sist bloggings ser eg *flau*, men no har eg i alle fall litt å blogge om! I går føremiddag var vi på blåbærtur på Romsås, og plukka 700g bær for hand (skal be mamma og pappa ta med ein bærplukkar når dei kjem i morgon!)

Ada plukka mest av Elias sitt beger - raskare enn å plukke sjølv *hehe*






Lilla fingrar



Elles er magen stor og eg strikkar ivrig, skal sjå om det ikkje blir litt bilete av strikketøyet etterkvart :)

søndag 3. mai 2009

Onbuhimo med klips og grønt på balkongen

Huff, altfor lenge sidan sist eg har oppdatert bloggen. Men baby i magen, lite energi og lite skaparkraft/inspirasjon har gjort sitt. Men Ulla sendte meg eit bilete av ein onbuhimo med klips og eg sette meg rett ned for å sy - vart så inspirert! Og onbuen vart god den! Litt lange stropper, så eg skal sy ein til med kortare stropper.

Elias tester den ut i dag (han var godt nøgd!)
IMG_3169

IMG_3178

IMG_3175


Balkongen vår får nytt liv (bokstaveleg tala) i år. Har sådd ringblome og sommarblome-blanding, kjøpt inn stemorsblomar og magerittar - og på soverommet står det mjølkekartongar med cherrytomatar og basilikum. Sukkerertene har kome seg så langt at dei har fått flytta delvis ut.

IMG_3161 IMG_3163


Mamma og pappa var her og passa Ada 1. mai så eg kunne få delta på utdrikningslaget til Solveig. Mamma hadde med jordbærplantar - det blir spanande å sjå om vi får deilige bær i løpet av sommaren!

søndag 15. mars 2009

Ullkjolevest

Juhu, eg har endeleg strikka litt igjen. Vart så inspirert då eg såg nokre eksemplar av denne vesten på Tettinntil at eg måtte strikke ein til Ada. Første forsøk på mønsterstrikk og det gjekk høveleg bra. Gjorde nokre bommertar med masketalet, men det løyste seg heldigvis ganske greit likevel.

Kjolevest


Mønsterstrikket nederst:
Mønsterstrikk


Elias sa til Ada: "ve a verte en el espejo" (gå og sjå deg i spegelen) og Adagullet sprang ut i gangen og sa "såå fin" - slikt varmar eit mammahjarte!
Kjolevest i spegelen

Oppskrifta finn du her


Elles gjekk eg ein tur i vårsola saman med Kristin og vesle Leon i dag. Vi skulle på Kampen bondegård, men det var stengt i dag, så det vart ein rusletur på Kampen og ein liten tur på kafé, også fekk ungane leike saman hos Kristin etterpå. Ein kjekk dag med god kaffi og deilig gulrotkake. Skummelt å merke at ein er i så dårleg form når ein traskar oppover dei bratte bakkane til Kampen med Ada på ryggen. Glad eg ikkje hadde vogn.

onsdag 11. mars 2009

Konkurranse

Ah, eg er så glad i te for tida, det går eit par koppar om dagen. Og eg snubla over denne te-konkurransen i ein blogg
Du kan vinne deilig te, sukker og ein lekker kopp - det er berre å kommentere innlegget i bloggen hennar! Sjå her

Likar du shabby chic trur eg nok du kan finne masse snasent hos Belin

Elles er det rolige dagar her, har hatt litt lite intiativ til sying i det siste, og symaskina har forsvunne litt under haugen av diverse handarbeid og stoff. Skal sjå om ikkje vårsola kan tine fram litt inspirasjon snart :)

mandag 9. februar 2009

Nye longies og bloggrydding

Strikka eit par longies i rosa og lilla garn til Johanna sin toårsdag! Held på med eit par like til Ada, men i brunt og natur.

Longies1

Med blitz, her ser du fargane litt betre
Longies2

Har endra litt på etikettane her inne, så vart det litt mindre rotete (eller eventuelt meir oversiktleg). Ganske morosamt å gå tilbake og sjå på gamle innlegg, ser jo at sykunnskapane og evnene har utvikla seg mykje sidan starten :) Kjekt!

Det ligg forøvrig nye Tonje-sydde ullkjolar hos Snellene

fredag 16. januar 2009

Formsydd sele

Dette er den tredje eg har sydd, og den første eg er nøgd nok med til å legge ut bilete av :) Sydd i føyeleg grå bomull. Nokre små tweaks skal gjerast til neste sele. Jobbar med å finne eit bra design, forhåpentlegvis blir dette eit Snelle-produkt om ikkje så lenge.

Formsydd_mage

Formsydd_rygg1

Det er så koseleg med bering for tida. Ada set verkeleg pris på det. Då selen var ferdig sydd kom ho bort og peika på magen min og sa "sitteee"
Formsydd_kos

Ribbestrikka ullbukse

Denne buksa fekk Edvard i veldig forseinka julegåve, strikka i babyull etter oppskrift frå Garnstudio

Ada er modell:
Ullbukse

Strikka bukse

søndag 11. januar 2009

Ullbukse

Har strikka ein del ullbukser i det siste, her er restegarnsbuksa eg strikka i jula:

Soaker

Sånn ca storleik for denne oppskrifta: str Large (10-15kg) Eg har brukt Østlandsgarn og Viking (midjestykket og beina er strikka med Viking) Eg hadde fem ulike fargar på stripene + brunt til midjestykket og beina.

Legg opp 80 masker på 40cm rundpinne 5, bruk det garnet du har mest av om du vil ha matchande ribbestrikk i livet og rundt låra. Strikk 3 omg 2 rett 2 vrang. Fell av holrad slik 2r, 1 kast, 2vr saman ein omgang. Strikk så vidare vrangbord 2r 2vr 6-8 omg (alt etter kor høgt du vil ha midjestykket)

(Eg skifta til pinne 5.5 når eg strikka sjølve buksa)
Så skiftar du til ein annan farge og strikker buksa høgare bak slik:
Du startar i sida på buksa, strikk 40m rett, snu og strikk 40m tilbake, snu igjen og strikk 5 omg rundt. Skift farge og strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake. Strikk 5 omg. Skift farge igjen, strikk 40m, snu og strikk 40m tilbake og strikk 5 omg. Når du skiftar farge att strikker du ikkje buksa høgare bak lengre, berre 5 omg rundt. Etter totalt åtte fargeskift (40 omg) set du 12 m på ein maskesamlar/tråd og feller du av 20m midt framme. Set dei neste 12m på ein maskesamlar/tråd. Då har du 36m att på pinnen, strikk fram og tilbake (hugs at annankvar pinne må strikkast vrang for å få buksa til å bli glattstrikk). Fell slik: Dei to første m på pinnen strikkast saman på kvar pinne, når du har 20m att på pinnen fell du av og syr saman i skrittet.

Bein: Ta opp 24 masker på strømpepinnar str 5 langs kanten slik at du har 36m, strikk vrangbord 2r 2vr 3-4 cm. Fell av. Gjer det same på det andre beinet.

Flett/tvinn snor til holrada.