I dag måla eg første strøket på det som skal bli leikekjøkken til Ada. Vi har to herlige trekasser frå Trondhjems bryggeri som skal få nytt liv som leikekjøkken (dvs, vi skal berre skru dei saman, er jo ikkje sikkert vi vil la dei vere leikekjøkken for alltid). Finerplate oppå som eg skal måle "kokeplater" på (det er denne som har fått litt kvitmåling no i ettermiddag) og kanskje ei lita gardin som skapdør for grytene, koppar og fat. Trur det skal bli bra!
Elles måtte eg rekke opp litt på monsterbuksa *ugh* Men no er det berre litt rosa ribbkant nedst på det eine beinet som står att, så eg blir ferdig med den i kveld. Må kjøpe litt kvitt garn til å brodere tenner og auge, så skal buksa pakkast vekk - kaaanskje den passar neste vinter *hehe*
Første skuledag i dag, engelskfaget verkar intressant - Johan Elsness er jo ein flink forelesar, så eg håper det går i orden med fødsel og innlevering av oppgåve og slikt. Fredagar har eg lang forelesning, tre timar i strekk - men det skal vel gå bra. Ada får to lange dagar i barnehagen i veka, men dei andre dagane kan eg hente ho tidlegare. Barnehagetilvenninga går greit, ho var på tur til Sognsvann i dag og det hadde vore veldig stas. Elias har levert ho dei siste dagane, gruar meg til det er min tur i morgon.
tirsdag 18. august 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hvilke fag tar du?
Global English og Innføring i norsk som andrespråk - verkar spanande!
Legg inn en kommentar